Gospel Hope Church
Gospel Hope Church

Av Magne og Jorunn Bjørkhaug

2012-11-20

Pastor Sunday SulaEtter at Ebenezer Child Care Ministry hadde etablert seg i Magere, utenfor Kampala, var det naturleg å samlast til bønn, lovsong og undervisning.  I starten var samlingsplassen i skuggen under eit stort mangotre!

 

 

Om søndagane reiste Sunday og barna til Kampala for å gå til kyrkje der. Ei flott nabokvinne hadde vorte frelst etter at ho hadde fått hjelp frå Sunday og kona Betty. Ho hadde ikkje råd til å reise til byen og spurte om ikkje dei kunne starte ein kyrkjelyd i nærleiken av der dei budde. Slik vart Gospel Hope Church starta, og denne kvinna, Lillian, vart første frelste medlem.

Sidan har medlemstalet auka til meir enn 100 vaksne medlemar.

 

 I dag er det stor aktivitet i kyrkja:

Gospel Hope Church gudstjenesteBarnekoretMåndag er det ungdomsmøte.

Tirsdag er kvinnene sin dag! Dei starter med bønn og lovsong før ei kvinne deler eit oppmuntrande ord frå Bibelen.

Etterpå tek dei til med handarbeid, syr klede, lager smykker, matter og veggbileter. Dei har også starta eit prosjekt med griser som genererer pengar.

Varene vert så seld og pengane som dei får inn har dei i eit fond der kvinner kan få lån dersom det skulle oppstå ein naudsituasjon.

Onsdag: faste og bønn.

Torsdag: lovsong og undervising

Fredag: bibelstudie

Laurdag: korøving for barnekor og kyrkjekor.

Søndag: starter med bønn kl 09 og gudsteneste med vitnemål kl 11.00

Fantastisk å få vere med å feire gudsteneste her! Fantastisk lovsong!

 

Det er 3 pastorar i kyrka, Sunday, Gabriel og Sam. Alle tre er opptatt av å vinne nye for Jesus. Dei har hatt mange evangeliseringsturar utanfor Kampala og lenger nord i Uganda. På denne måten har vi, gjennom desse, fått vere med å plante 4 nye kyrkjer i Nord Uganda.

Pastorane kjenner også på eit stort ansvar for å undervise og oppmuntre pastorane i dei nye etablerte kyrkjene.

 

Nord Uganda er ein utarma landsdel etter 20 år med borgar krig og det er stort behov for hjelp. På turane nordover har dei ofte med seg sin ”mobile klinikk”.

 

Desember 2012

Vær med å gi en gave til prosjektet!
Kontonr : 9521.05.22752
Merk gaven med "Loddefjord menighetsprosjekt"