Vår nye menighetspedagog er i gang
Vår nye menighetspedagog er i gang
 Eg klør i fingrane til å ta fatt på jobben som menighetspedagog i Loddefjord menighet.  Eg har fått ein svært mjuk og god start.
Det seier Catherine Løkke Rygg nokre dagar etter at ho den 1. mars starta i jobben som menighetspedagog


 
-. Etter at Ole Arthur Hanstveit slutta som kateket i juni 2014, har Arnt Tyve og Thor Haavik hatt menighetspedagogoppgåvene saman med prestane i godt og vel eit halvt år.

Men no er Catherine Løkke Rygg på plass. Ho rosar dei som har gått framfor og lagt til rette for jobben hennar.

 

- Eg fekk vera med på ei flott innsettingsgudsteneste 1. mars. Eg har kjent meg svært godt velkomen frå første dag, og det er vanskeleg å setja ord på kor godt det er lagt til rette for meg i denne jobben, seier Catherine.

Catherine Løkke Rygg har  på sett og vis ein «katolskluthersk» bakgrunn. Ho kjem frå Råde ved Sarpsborg og har trødd sine barne- og ungdomssko i den katolske menigheten i Fredrikstad. Mor hennar kjem frå Filippinene, medan faren er norsk.

- I den katolske menigheten i Fredrikstad fekk eg vera med eit flott barne- og ungdomsarbeid. Menigheten hadde svært gode leiarar, og som 18-åring var eg med som leiar i leirarbeidet. Eg har vel i grunnen heile tida tenkt at eg skulle via mitt vaksne liv som menighetsarbeidar, seier Catherine. Ho har etter kvart funne seg godt til rette i Den norske kyrkja og er no innmeldt som medlem der.

Fullfører studiet til sommaren
Cathrine Løkke Rygg er gift, bur i Vadmyra og har eitt barn på tre år. Ho starta utdanninga i menighetspedagogikk på Menighetsfakultetet, og etter at familien flytta frå Oslo til Bergen sommaren 2011, fullfører ho studiet på NLA Høgskolen med siste eksamen i mai i år.

- Kvifor søkte du menighetspedagogstillinga i Loddefjord?

 

- Eg er jo straks ferdig med utdanninga, og eg visste at det var ein del menighetspedagogjobbar som var ledige. Når eg såg den ledige stillinga i Loddefjord, tenkte eg at det skal vel litt til for at eg får denne jobben. Men no er eg her og er veldig klar for jobben, seier Catherine.

Den første tida er det lagt til rette for at ho skal få tid til å setja seg inn i oppgåvene som menighetspedagog. Arbeidsoppgåvene vert konfirmantarbeid, dåpsopplæring, barne- og ungdomsarbeid og leirarbeid.

- Eg elskar å vera på leir. Då eg var med som leiar på leir, fekk eg stadfesta at eg skal arbeida blant barn og unge. Eg vil gjerne prioritera familiearbeidet, og det ville vore kjempeflott om vi fekk lagt til rette for eit godt sundagsskulearbeid i Loddefjord, seier Catherine Løkke Rygg.


Tekst og foto: Vigleik Brekke